Hagellia Matstove

Flott selskapslokale for hygge i Knarvik

Serverer lunsj, raspeballemiddag og har lokaler for selskap, kurs og konferanser


Opningstider:

  • Lunsj måndag til fredag 11:00-12:30
  • Middag onsdag 15:00-18:00

Me holder til i 2. etasje i næringsbygget Dampen under Hagelsundsbrua

Hagellia 6, 5914 Isdalstø


Ta kontakt for selskap og leige av lokalet:

414 66 252

post@matstove.no

Middagsservering i november og desember

  • 22. nov 15.00-18.00 Raspeballer & Lutefisk
  • 23. nov 16.00-18.00 Julemiddag
  • 29. nov 15.00-18.00 Raspeballer & Lutefisk
  • 30. nov LUKKET SELSKAP
  • 6. des 15.00-18.00 Raspeballer & Lutefisk
  • 7. des 15.00-18.00 Julemiddag
  • 13. des 15.00-18.00 Raspeballer & Lutefisk
  • 14. des 15.00-18.00 Julemiddag
Juletre

Kantine

Hagellia Matstove driv kantine for dei tilsette i Dampen, men kantina er open for alle. Me serverer ein varmrett kvar dag i tillegg til eit rikhaldig salatbord. Fredag er fast fleskepannekakedag! Elles kan varmretten bestå av for eksempel suppe, pizza, omelett, pytt i panne og liknande. Kvar onsdag serverer me raspeballar med salt fårekjøt, korv, bacon, gulrot og kålrot.

kokkehatt

Catering

Rundstykker med assortert pålegg

Snittar med reker, eggerøre med laks, roastbiff, skinke og steik

Koldtbord med og utan varmrett

Gryterettar med ris, salat og brød

Supper

Heimelaga pizza

Heimelaga lasagne

Tapas

Catering

Selskap og arrangement

Hagellia Matstove har lokale der ein kan dekka for opp til 80 personar. Det er likevel ikkje problem å dekka for 20 personar utan at ein «druknar». Her kan du halda alt frå barnedåp til minnestund etter gravferd. Me kan by på servering frå ein rikhaldig meny. Du kan få menyforslag, eller du kan setja saman dine eigne ynskjer. Skal du ha frukostmøte, personalsamling eller informasjonsmøte: Ta kontakt for pristilbod. Lokala er veleigna for lag og organisasjonar som arrangerar medlemsmøte/temakveld, med eller utan servering.

vinglass

Møter og foredrag

I tilknyting til «storsalen» disponerar me eit auditorium med 70 sitjeplassar. Her er fullt AV-utstyr, med stort lerret på veggen. I samband med bruk av auditoriet kam me tilby servering av både frukt, mat og drikke. Auditoriet kan leigast både på dag- og kveldstid.

Foredrag